VektLoeft

Aktivitetstilbod i Jondal
  
Hjertestartar
JIL Hjartestartar

JIL-2

 TurTilMelderskin
Fjelltrimmen på tur til Melderskin
 
Ein sundag i august arrangerte Fjelltrimmen fellestur til Melderskin i Kvinnherad, fjellet som også er kalla for "dronninga blant Hordalandsfjella".  Fjellet ruvar 1426 meter over havet, og med eit utgangspkt. på omlag 150 moh, så er det ein del høgdemeter som må forserast før ein når toppen!  På heimesida til visitsunnhordland finn ein ei detaljert skildring av turen, som er merka som "svart", og har fire støvlar etter DNT-systemet.
 
18 deltakarar frå Jondal var med, med eit aldersspenn frå 9 år (Runar) til 73 år (Bjørg).  Alle like spreke og uthaldande (!), og med Tor Storegjerde som turleiar og historieforteljar undervegs, vart det ein fin tur for oss alle sjølv om veret ikkje var det aller beste.  Sundagsmorgon var både grå og regn-/skoddetung, så .den flotte utsikta var det ikkje i løpet av turen, berre siste halvtimen på returen fekk me sjå kva terreng me eigentlig hadde gått i ! (For oss med moderat høgdeskrekk var kanskje dette like godt ... )
 
Avreise frå Jondal litt over kl 9 sundagsmorgon, og heime igjen omlag kl 18 om kvelden.  Heimkoma sjølvsagt litt avhengig av kor lang pause kvar enkelt trong ved retur til Rosendal med trong for å pleia såre bein og svoltne magar!
 
Her er ein del bilete frå turen:
 
001
003
004
007
009
011
014
015
016
017
020
025
027
028
034
037
038
040
041
043
045
046
TurTilMelderskin
01/23 
start stop bwd fwd
 
 
 
  

grasrotandelen

 

JIL logo - laga av Roar Svåsand

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 
Tips for å sjå bilete i bakgrunnen:
 
Ctrl  - (minus på num. tastatur)
Ctrl + (pluss på num. tastatur)
Eller Ctrl + rullehjul på PC-mus

Statistikk

Besøkande
3
Artiklar
134
Nettlenkjer
9
Artikkelvisingar
159771
config

FacebookBIG

JIL aktivitetskalendar

May 2017
M T W T F S S
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31 1 2 3 4

Siste aktivitetar

No events

Twitter JIL

Værmelding for Jondal

email
Jondal Idrettslag
5627 JONDAL
 
e-post: 
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
org.nr.: 987 661 011
Go to top