VektLoeft

Aktivitetstilbod i Jondal
  
Hjertestartar
JIL Hjartestartar

JIL-2

Fjelltrimmen - Fellestur frå Torsnes til Gjetingsdalen
GruppeBilete-2
Her er ein blid gjeng på 16 sprekingar som gjekk frå Torsnes til Gjetingsdalen, sundag 31. august 2014:
 
Margit Flatebø, Trygve Baggegård Myrlid, Sigrun Bø, Bjarne Alsaker, Ståle Brattebø, Johannes Brattebø, Olaf Mannsåker, Jakob Eitrheim, Olav Saue, Eli G. Torsnes, Nina N. Torsnes, Øystein Torsnes, Guttorm Torsnes, Jan-Åge Iversen, Borghild Galtung, Berit Grønstad.
 
Turen starta kl 09 sundags morgon på Torsnes (ved Jondalstunnelen) og vart avslutta 8 timar seinare i Gjetingsdalen på andre sida av fjellet.  Turen var eit samarbeid mellom Fjelltrimgruppa i Jondal Idrettslag og Odda og Ullensvang turlag.
IMG 4028
Ved starten på Torsnes var det overskya ver, men fin temperatur for ein sundagstur.  Etter kvart som me kom oss oppover i fjellet vart det lettare, og ved ankomst Gjetingsdalen var det sol og fin sommartemperatur.
 
Turen gjekk frå Torsnes og opp til hytta i Daurmålsdalen, der me hadde ein liten pause.  Derifrå gjennom dalen vidare innover og opp skardet og opp til hytta ved Demmevatnet.  - Mykje stein, og mykje ur, men opp kom me m.a. ved hjelp av tau det brattaste partiet.
IMG 4044
Ved Demmevasshytta var det ein lengre matpause og litt kvil for trøytte leggjer.
IMG 4056
Vidare frå Demmevasshytta gjekk turen via Store Solbjørvatnet til Grønhaug og Kvanngrød.  
IMG 4065
Der hadde me også ein pause, med nydeleg utsikt utover fjella i Kvinnherad; Sundal, Bondhusbreen, Keisarstigen og Fonnabu.  
IMG 4076
Derifrå nedover til Måvatn og endestasjon ved skogsvegen øvst i Gjetingsdalen.  Der hadde me to bilar som venta, og medan dei køyrde attende til Torsnes med fulle bilar, gjekk me 6 gjenverande vidare nedover Gjetingsdalen og ned til Eikenes.  Der venta me til bilane kom i retur og alle kom seg heim igjen utan altfor mykje gnagsår og såre tær.
 
Ein tur som vil sitja lenge i minnet, som mange fleire burde vore med på !
 
Kjentmann og turleiar som losa oss vel fram over fjellet var Øystein Torsnes.
 
Her er bilete frå turen:
 
GruppeBilete-2
IMG_4021
IMG_4022
IMG_4023
IMG_4024
IMG_4025
IMG_4026
IMG_4027
IMG_4028
IMG_4030
IMG_4031
IMG_4032
IMG_4035
IMG_4036
IMG_4037
IMG_4038
IMG_4039
IMG_4041
IMG_4042
IMG_4043
IMG_4044
IMG_4045
IMG_4046
IMG_4047
IMG_4048
IMG_4050
IMG_4051
IMG_4052
IMG_4054
IMG_4055
IMG_4056
IMG_4058
IMG_4059
IMG_4060
IMG_4061
IMG_4063
IMG_4064
IMG_4065
IMG_4066
IMG_4067
IMG_4068
IMG_4069
IMG_4070
IMG_4071
IMG_4072
IMG_4073
IMG_4074
IMG_4075
IMG_4076
IMG_4077
IMG_4078
IMG_4079
IMG_4080
IMG_4081
IMG_4082
IMG_4083
IMG_4085
01/57 
start stop bwd fwd
  
 
 

grasrotandelen

 

JIL logo - laga av Roar Svåsand

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 
Tips for å sjå bilete i bakgrunnen:
 
Ctrl  - (minus på num. tastatur)
Ctrl + (pluss på num. tastatur)
Eller Ctrl + rullehjul på PC-mus

Statistikk

Besøkande
3
Artiklar
134
Nettlenkjer
9
Artikkelvisingar
182779
config

FacebookBIG

JIL aktivitetskalendar

July 2017
M T W T F S S
26 27 28 29 30 1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31 1 2 3 4 5 6

Siste aktivitetar

No events

Twitter JIL

Værmelding for Jondal

email
Jondal Idrettslag
5627 JONDAL
 
e-post: 
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
org.nr.: 987 661 011
Go to top