VektLoeft

Aktivitetstilbod i Jondal
  
Hjertestartar
JIL Hjartestartar

JIL-2

HomeVolleyball

 volleyball-silhouette

 
Volleyballgruppa har trening kvar onsdag i skuleåret frå kl 21.00 til om lag kl 23.00. Treninga er open for alle kvinner og menn som har lyst og er ferdig med grunnskulen. Det er ikkje nødvendig å ha spelt volleyball for å møta opp, men litt erfaring med andre balleikar er ingen ulempe. Målsetjinga vår er å auka ferdigheita i volleyball, men fyrst og fremst er det å ha det kjekt i lag. Når laga er på plass på kvar side av nettet, vaknar konkurranseinstinktet.
 
Alle er hjarteleg velkomne på treningskveldane!!
 
Volleyballgruppa ser gjerne at det vert organisert trening for ungdomsskuleelevane våre, og me er innstilte på å støtta opp om ein eventuell trenar.
 
Volleyballgruppa har bygd ein sandvolleyballbane på dugnad. Banen ligg i Vik rett ovanom badeplassen. Banen er open for alle, men brukarane må sjølve halda ball. Volleyballgruppa har ballar for organisert trening og er interessert i å arrangera turneringar.
 
Personar som er interesserte i å bli trenarar for ei ungdomsgruppe, eller vil vera med å organisera noko på sandvolleyballbanen, kan ta kontakt med Per Eikeland tlf.: 97748093.
 
 

grasrotandelen

 

JIL logo - laga av Roar Svåsand

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 
Tips for å sjå bilete i bakgrunnen:
 
Ctrl  - (minus på num. tastatur)
Ctrl + (pluss på num. tastatur)
Eller Ctrl + rullehjul på PC-mus

Statistikk

Besøkande
3
Artiklar
142
Nettlenkjer
9
Artikkelvisingar
201717
config

FacebookBIG

JIL aktivitetskalendar

September 2017
M T W T F S S
28 29 30 31 1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 1

Siste aktivitetar

No events

Twitter JIL

Værmelding for Jondal

email
Jondal Idrettslag
5627 JONDAL
 
e-post: 
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
org.nr.: 987 661 011
Go to top