Jondal Idrettslag vil med dette minna om digitalt medlemsmøte i morgon tysdag 23. februar 2021, sjå utsendt informasjon på e-post i førre veke frå leiaren i idrettslaget. Møtet tek til kl 20, og innkallinga med lenkje til møtet vert sendt ut til medlemene tidligare same dag.
Koronatiltaka - Jondal IL sine aktivitetar
Fram til i ettermiddag (måndag 15.02.2021) stod det ikkje noko om idrett i "Gjeldande tiltak 15. februar til og med 21. februar" som vart lagt ut på Ullensvang kommune si heimeside i går, sundag.
Skirenn i ljosløypa fredag 05.02.2021 kl 18
Skigruppa ynskjer igjen velkomen til skirenn på Storemyr. Me opnar for deltaking for alle til og med 18 år. Born til og med 12 år deltek i Telenorkarusellen, som har eigen premiering.
Påmelding på heimesida (www.jondalidrettslag.com) innan fredag kl.1600
Også føresette og andre må registrera seg her.
Framgangsmåte: Klikk på "Ski" i toppmenyen og gå til 2021-sesongen. Der ligg skjema til påmelding.
All deltaking er gratis!
Rennet for aldersklassar 13-18 år går i fristil !
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.